KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Førti-ein/41

Trygg

Nummer: 41
Objekt: Stasjonærmotor
Fabrikk nummer: 2991
Fabrikat: Trygg
Nasjonalitet: Noreg
Storleik: 5 - 6
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Otto J. Elvøy tok til med snikkarverkstad i vedskjulet på Elvøy i Jostedalen i 1939, og kjøpte då denne motoren. I 1941 flytta han verksemda til eigen verkstad. Her vart motoren ståande i 50 år. Her vart det produsert glas og dører og ellers alt det som trengest til husbygging. Elvøy var bygningsmann og dreiv eit småbruk. Om det skulle henda at det kom lys på verkstaden og motoren kom i gang om kvelden kunne naboane sei med visse at no var det dødsfall i Luster eller Jostedalen,for no vart laga likkiste. Motoren var lettstarta for Otto som hadde akkurat det rette "teken" med maskineriet. Bjarne Sperle var mykje med på verkstaden.

Vart sett i køyrbar stand av Rune Stuhag vinter/vår 2024

Bruksområde: Trearbeidingsmaskinar

Bla gjennom: