Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.
Brørne Johannes, Jonas og Knut Landøy frå Verlandet kjøpte rundt 1930 ein 30' spisstemning for å driva småfiske, line, krabbe og hummer. Jonas og Knut vart under krigen sendt i tysk fangeleir der Knut omkom. Jonas kom seg heimatt men døydde kort etter. Rundt 1950 vart båten selt til Bendik Bråstad som hadde planar om å nytta motoren til vinsj på slippen. Seinare kom motoren på eit sagbruk i Leirvik, der den var i bruk til straumen kom rundt 1956.