Noregs største motorsamling samla saman av ein person, Kristian Otterskred frå Vik i Sogn. Samlinga inneheld båt og stasjonær motorar, i hovudsak norskproduserte. I tillegg inneheld samlinga tradisjonelle trebåtar og andre objekt som representerer norsk fjordhistorie, både til sjøs og på land.
I løpet av våren 2020 vart samlinga etablert som ei eiga stifting med namnet Kristian Otterskreds Motorsamling.
Målet til stiftinga er å vareta samlinga etter Kristian Otterskred og presentere den på ein best mogleg måte, for kommande generasjonar. Etter kvart som dette arbeidet går framover vil ein kunne finne informasjon om det, her på heimesida for samlinga.
Planlagd nyopning av Kristianhus og samlinga er under Gammalost festivalen 2021.
Dette året, 2020, vil det ikkje vere offisielt opent på Kristianhus, men ønskjer du likevell å sjå samlinga? Då kan du kontakte oss på telefon, epost eller via facebook sida vår, så kan me ta ei synfaring saman med deg eller dykk.
Her kan du lese dei siste artiklane som er lagd ut på kristianotterskred.no
Mens du vente på nyopning av Kristianhus, kan du sjå denne vetle filmen, der ein Trygg motor vart starta under Gammalost festivalen 2019.
Fleire motorar vill verta starta opp under Gammalostfestivalen 2021.
Meir bilde og video kjem, etter kvart.
Trygg 1947 modell