KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Dei båtreisande

Minoriteten som var ein naturleg del av Vikøyri og Sognefjorden gjennom fleire århundrer

Det har vore mange båtreisande tilknytt Vik opp gjennom tidene.

Vikøyri var kjend som ein "tater-koloni" i omlag 200 år, kanske lengre. Dei eldste bevarte skriftlege kjeldene om dette er frå 1749. I dag står kanskje Noreg's eldste bevarte båt som har vore nytta av båtreisande på Kristianhus. Denne er teke godt vare på og det vert no jobba med å samle historie og gjenstandar som er at etter dei båtreisande sine liv, her i Sogn.

Kombinasjonen Vikøyri som tidlegare "tater-koloni" og at denne båten står på Kristianhus gjer det naturleg å leggje til rette for meir informasjon og ei eiga utstilling om Dei Båtreisane.

Utstillinga vart offisielt opna 4 juni 2022, med støtte frå Norsk Kulturråd.