KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

M/S Arnafjord

Opplev Sognefjorden med M/S Arnafjord

Publisert: 4. desember 2019 10:48
Teksten handler om: Fjordkultur

Agentbåt var eit velkjend uttrykk langs kyst og fjord i første halvdel av 1900 -talet. Med desse båtane frakta ein handelsreisande rundt med ulike vareutstillingar til kjøpmenn.

Sjøvegen har heilt fram til dei siste halvdel av 1900 -talet vore «hovudvegen» i store delar av landet vårt. Til mang ei bygd langs kyst og fjord var einaste måten å komme seg kjapt til og frå, sjøvegen. Skulle ein frakte varer utanbygds var som regel båten det naturlege valet. Med den kom ein seg dit ein skulle og ein kunne tilbakelegge store avstandar i løpet av kort tid, samanlikna med kva ein kunne på land.

Mange bygder og til del større tettstadar hadde også kun tilgang til omverda via sjøvegen. Vareutvalet for den einskilde familie og enkeltperson var ofte begrens til kva ein kunne få hjå den lokale kjøpmannen. Å handle andre stader, til dømes i nærmaste by, var kanskje noko ein gjorde nokre få gonger i løpet av livet.

Difor hadde lokale kjøpmenn ei sentral rolle i bygdene. Sidan dei hadde ei slik sentral rolle var det ikkje alltid like lett for dei å reise frå butikk og bygd, dei hadde rett og slett mykje ansvar og måtte vere i butikken sin det meste av tida.

Det var her agent båtane kom inn i bildet. Med desse agentbåtane kunne dei som vart kalla agentar komme seg rundt til dei ulike kjøpmennene, som jo var plassert rundt over heile landet, i det me i dag ville ha kalla isolerte bygder.

M/S Arnafjord var ein slik agent båt. Den var eigd av handelsmann Markus Nese i Arnafjord og var innreidd for å gå i agentfart. I tillegg til å vere handelsmann i denne litle bygda Arnafjord dreiv han også med denne verksemda. Blant kundane hans var blant anna Norske Shell, Storebrand, Langaard, Sundt, Wallendal og Gjertsen.

Måten dei gjorde dette, var når til dømes Langaard sin agent, ville rundt til dei faste kundane sine og vise årets produktserie. Då avtalte dei ein tidsperiode med Markus Nese som stilte båten sin disponibel for Langaard i ein aktuell periode. Dermed fekk kjøpmennene tatt seg ein sigarett med "Rød-strek", "Karva Blad" eller noko av dei andre tobakks merka frå Langaard tobakk, før dei tok opp bestilling for det neste året.

I ei tid utan internett og med kun svart kvitt foto, var nok det å ta med produkta, slik at kundane kunne få sjå og eventuelt prøve dei ulike produkta, før dei tok dei inn i sitt eige assortiment den mest effektive måten å få opp omsettingi. Med å reise rundt å tilby produkt og tenester, samtidig som ein møtte kundane, var nok ofte avgjerande for verksemda. I tillegg fekk ein personleg relasjon til faste kundar rundt i distrikta og kjøpmennene viste kven dei hadde med å gjere.

Agentbåtar hadde ein særs viktig rolle i lokalmiljø på den tida. Fekk kjøpmannen ein god handel, kunne det nok hende at også resten av lokalmiljøet fekk nyte godt av dette i ettertid. Vel og merka vist kjøpmannen var noko lunde rettferdig og real.

Agentbåtar hadde høgare standard enn mange andre båtar i si samtid. Dei hadde god komfort, med god plass til folk og varer. I tillegg hadde dei som regel god maskinkraft og var godt utrusta. Dei var ikkje blant dei største båtane, men var ofte mellom 40 og 60 fot.

MS Arnafjord vart bygd i Vik i Sogn av Olav Vevik og gjekk i agent trafikk frå den var ny i 1937 og fram til andre verdskrig. Då tok tyske styrkar beslag i båten og brukte den i teneste for okkupasjonsmakta.

Etter andre verdskrig fekk dei båten tilbake til Nese og med det fortsette den i agent trafikk fram til 1960 talet. Då gjekk den over til å vere tilsyns båt for fiskeridirektoratet. Båten vart etter Markus Nese, eigd av sonen Bjarne. Han fortsette å drifte og eige båten heilt fram til han sjølv gjekk bort i 1978. Etter at Bjarne var død selde døtrene hans båten.

Planane til denne første eigaren, etter familien Nese, var å bruke båten til jordomsegling, men dette vart det aldri noko av. Difor selde vedkommande båten vidare, til Manfred Rileit i 1982. Han såg at dette var ein heilt spesiell båt og ønskte difor å ikkje gjere noko endringar med båten.

Men båt entusiastar frå Vik hugsa båten og klarte etter mange år å spore den opp at. Den var då kommen så langt som til Lubeck i Tyskland, der Manfred Rileit nytta båten meir som ein stasjonar fritidsbustad.

Båten bar, sjølv om den var i orginal stand, preg av manglande vedlikehald. Motoren ein to sylindrar Wichmann semidiesel på 50 HK hadde berre hatt nokre få timar gange og båten hadde stort sett lege fortøydd dei åra den var i Tyskland. Både båt og motor bar preg av manglande vedlikehald over lang tid. Likevell, alt var der.

Desse entusiastane frå Vik som fann båten at, klarte å formidle historia om den særprega båten til riksantikvaren og der fekk den status som verneverdig.

Dei same personane stod også bak skipinga av ei stifting for båten, «Stiftinga MS Arnafjord». Med hjelp av innsamla midlar og tilskot fekk stiftinga etter kvart nok midlar til å frakte båten heim at til Noreg og starte restaurering av den. Ein fekk då restaurert båten hjå fartøyvernsenteret i Hardanger. Ein detaljert historie om sjølve restaurasjonen og jobben dei har gjort med å for å få denne flotte båten heim til Vik, kan ein lese på fartøyvernet sine eigne sider. Ein kan også sjå bilete, video og følgje på heimesida og facebooksida til ms arnafjord.

No er båten ferdig restaurert og ein kan få oppleve den på nært hald stort sett heile sommar sesongen, vist ein besøkjer Vik i Sogn. Her ligg den midt i sentrum, på Vik bukta.

Stiftinga MS Arnafjord tilbyr grupper på opp til 11 passasjerar ulike tur løysingar. Meir informasjon om dette kan ein få med å kontakte Sylvringen ved turist informasjonen på Blix Hotell. Ein kan også lese deira brosjyre her som pdf -fil.

Under gammalost festivalen kjem MS Arnafjord tilbake til Vik og den er då tilgjengeleg for dei som ønskjer å oppleve denne ikoniske båten.

Ein vill også følgje opp med meir bilde og video her på VikL, når båten kjem attende til bygda.


Skrive av: Lars K. Hansen etter samtale med Tore Røyrvik