Nyopning av Kristianhus vert markert med starting av gamle motorar og underhaldning med visesong av Hilmar "Bussi" Karlsen Rosenborg, samt trekkspillmusikk og torader med " Kalle Jularbo" alias Jan T karlsen. " Jan torader".
I andre etasje Kristianhus er det laga ei utstilling om dei båtreisande , i samarbeid med etterkommarar frå Børefylgje, som haldt til på Vikøyri. Her er det samla mykje historie og gjenstandar frå dei reisande. Under Gamalostfestivalen er alle velkomne innom Kristianhus til å sjå utstillinga, ta ein prat med etterkommarane og få underhaldning med Bussi og Jan Torader.
Det vert også mogleg å besøke heile samlinga og komme ombord på MS Arnafjord, då denne kjem til å ligge ved brygga.
Markeringa er under Gamalostfestivalen, laurdag 4 juni klokka 11:00.