KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING


Valfag for Flatbygdi Skule

Verkstaden på Kristianhus

Publisert: 29. april 2022 10:25
Teksten handler om: Informasjon,

Nytt dette skuleåret er at Flatbygdi skule, 8 og 9 klasse har valfag i verkstaden på Kristianhus. Her får dei vere med på mekking, maling og andre praktiske oppgåver.

Kvar torsdag har dei to timar på Kristianhus der Tore Røyrvik gjer dei innføring og opplæring med nye og gamle motorar. Dei får på den måten kjennskap til korleis ein motor fungerer og til norsk motor produksjon.

Torsdag 28 april var dei med å starte opp Trygg 1948 18 - 22 hk, modell utanfor Kristianhus. Alle elevane fekk i oppgåve frå lærarar å filme hendinga.

Er kjekt at nye generasjonar vert kjend med maritimt miljø og motorar og me vonar det kan verte ei interesse dei har med seg vidare.


Skrive av: Lars K. Hansen

Lat att