KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING


MS Arnafjord er tilbake i Vik.

Publisert: 11. juli 2021 18:33
Teksten handler om: Informasjon,

Etter å ha vore nesten to år i Bergen er MS Arnafjord tilbake i Vik.

Ei veke tidlegare hadde båten vore på slipp og blitt bunsmurd, på dugnad.

Laurdag 10 juli 2021, klokka 8:00 starta Sigvard og Per Jarle Røyrvik opp og køyrde båten til Eivindvik.

I Eivindvik tok Tore Røyrvik, Morten Røyrvik og Bjørn Salbu over og køyrde båten innover Sognefjorden og til Vik.

21:30 la dei MS Arnafjord til kai på den nye betongflytebryggja for båten, utanfor Kristianhus. Her vert den tilgjengeleg for skodelystne, men også for dei som ønskjer å ta seg ein tur med båten.

Ein kan kontakte stiftinga MS Arnafjord og avtale turar, ved å ringe Tore Røyrvik på telefon: 916 05 553


Skrive av: Lars K. Hansen

Lat att