KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING


Reperasjon og oppstart av Sabb

Tore Røyrvik er no godt i gang med reperasjon av gamle Sabb motorar i samlinga.

Publisert: 31. mai 2021 06:17
Teksten handler om: Informasjon,

Målsettinga er å få ein komplett og fungerande Sabb serie for utstilling, tilgjengeleg for besøkjande. Det er eit arbeids og tidkrevjande prosjekt, første motor vart starta opp 19 mai 2021.

Motoren, ein Sabb B 4 -5 hadde ikkje vore i gang sidan 1990 talet og hadde over fleire år stått utandørs. Den var fullt av vatn og hadde begynt å ruste fast. Men Tore overhalte smøreapperat og vasspumpe, opna og demonterte motor, tømde den for vatn og smurde den opp. 19 mai hadde me endeleg også fått ny gassbrennar til samlinga, slik at me kunne varme opp kulehovudet og starte opp.

Kva som skjedde vidare kan du sjå i videoen me tok opp.


Skrive av: Lars K. Hansen

Lat att