KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING


Oppgradering

I år vert Kristianhus utbetra med ny flytebrygge og utvendig måling

Publisert: 19. juli 2020 17:53
Teksten handler om: Informasjon,

I mai begynna arbeidet med å leggje ny flytebrygge på sjøsida av Kristianhus. Først måtte det gjerast grunnarbeid og støyping av betongfundament. Etterpå vart betongflytebrygge lagd på plass, slik at ein kan ta i mot cruiseturistar på den nye flytebrygga når cruiseskipa begynner å besøke Sognefjorden og Vik igjen.

Når fundament og flytebrygge var komme på plass starta arbeidet med måling av heile den utvendige fasaden. Etter kvart har også takrenner og og tak blitt reingjort. Det er også blitt sett inn dør i retning den nye flytebrygga. Noko arbeid gjenstår.

Etter ferien ønskjer ein å komme med meir informasjon om arbeidet som er gjennomført i regi av Vik kommune som også er eigar av bygningen.

Denne teksten og bileta er kun ei oversikt sett saman av underteikna, basert på eigne observasjonar og bilete.

Ønskjer alle ein fortsatt god sommar


Skrive av: Lars K. Hansen

Lat att