KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING


Nyopning

Flott opning med tale og underhaldning

Publisert: 5. juni 2022 16:48
Teksten handler om: Informasjon,

Laurdag 4 juni 2022, vart det nyopning av Kristianhus.

Ordførar Roy Egil Stadheim haldt opningstale og klypte snora for eit oppgradert Kristianhus, overtaking av samlinga og utstillinga om Dei Båtreisande.

Stiftinga Kristian Otterskreds Motorsamling fekk ei verdig markering, saman med Firda Seafood og Turistinformasjonen i Vik som no alle held til i Kristianhus. Me vonar at dette vil få opp besøkstala og samtidig gjere motorsamlinga og historia denne representerer meir tilgjengeleg og kjend for fleire og nye generasjonar.

Roy Egil Stadheim klypte snora, mens leiar av Stiftinga KOM, Tore Røyrvik, haldt den saman med initiativtakar og mannen bak samlinga, Kristian Otterskred.

Etter snorklipping haldt Hilmar Karlsen "Bussi" ein liten konsert og Jan T karlsen « Jan torader» alias Kalle Jularbo spela i takt med Trygg motoren. Etterpå stod dei for underhaldning i andre etasje, saman med Jonny Nilsen som fortalde om Dei Båtreisande sin historie og livsstil, i samband med den nyopna utstillinga om Dei Båtreisande.

Rune Fjelanger starta opp Trygg motoren og hadde tilsyn med denne. Mens Odd og Gaute Pettersen starta opp og køyrde Normo motoren, dei har restaurert. Bjørn Salbu hadde ansvar for omvising ombord på MS Arnafjord.

Tore Røyrvik svarde på spørsmål, mens Lars K. Hansen var over alt.

Firda Seafood var til stades med smaksprøvar og lokale representantar som tok i mot besøkjande på Det Blå Rommet.

Takk, til alle som møtte opp og gjorde dette til ei verdig markering.

Takk, til Hilmar(Bussi) og Rita Karlsen og Jan T. Karlsen, for musikk og underhaldning. Ein ekstra stor takk til Johnny Nilsen og Alice Berntzen som har stilt med tilrettelegging, historie og gjenstandar frå Dei Båtreisande, slik at me har fått utstillinga om Dei Båtreisande plassert saman med båten som har tilhøyrt ein reisande familie, skaffa til vege av Kristian. Og ikkje minst takk til Norsk Kulturråd som har sponsa utstilling og underhaldning, slik at besøkjande fekk ei finn oppleving både under nyopninga og ved framtidige besøk.

Me i stiftinga synes det er naturleg og av historisk verdi at det er ei utstilling om Dei Båtreisande som hadde tilhald på Vikøyri, på Kristianhus. Og me er glade for å dele denne utstillinga med våre besøkjande.

På vegne av styret i Stiftinga Kristian Otterskreds Motorsamling.


Skrive av: Lars K. Hansen

Video frå opninga, opptak av Kristin Røyrvik og Lars K. Hansen
Lat att