Firda Seafood drive visningssenter for akvakultur tilknytt Skjerjehamn i Gulen kommune, her har selskapet sidan 2009 hatt visning av laks og aureproduksjon gjennom besøk på oppdrettsanlegg og ei eiga havbruksutstilling på Skjerjehamn «Blue Garden».
Laurdag 4. Juni opnar selskapet en pop-up utstilling i Vik i Sogn på Kristianhus «Det blå rommet», havbruksutstillinga vert opna på den årlige Gamalostfestivalen i Vik.
Det var Stiftelsen Kristianhus som tok initiativet til å sette av plass til Firda Seafood på Kristianhus, tanken var å tilføre bygget der ein allereie har myke kystkultur ei utstilling som fanme ein moderne del av norsk kystkultur, nemlig oppdrett. Ettersom Kristianhus frå sommaren 2022 fungere som mottaks hall for cruisebåtturister, synes Firda dette var eit fint høve til å sette opp ein utstilling, der det også er mogleg å treffe eit stort publikum, både med utanlandske turistar og frå lokalmiljøet. Vik kommune eig Kristianhus, dei stilte seg positive til at Firda sette opp ei utstilling her, og vi har inngått ein avtale med de om å disponere arealet i 5 år.
• Cruisebåtene passerer ein del oppdrettsanlegg langs norskekysten og på veg inn Sognesjøen, difor trur me at dette vil vere interessant for turistane som kjem den vegen. I tillegg vil den permanente utstillinga vere mogleg å besøke for skular og lokalbefolkning generelt, og vi trur den vil fange merksemda til både store og små.
Utstillinga består av informative skilt og ein skjerm der fleire filmar Firda har laga skal spelast av. Utstillinga er spennende utforma, med bruk av ulike material, til og med ekte mose på veggane. Ein kan lære om Fjordaureten og den si tilknyting til laksen og kvifor oppdrettsnæringa er viktig for Noreg, for helsa vår, og i eit berekraftperspektiv. Vi har og med ein liten historie del, både generelt om Firda Seafood Group, men også om Firda Settefisk Arnafjord som er vårt lokale settefiskanlegg.
Firda Settefisk Arnafjord AS ligger i Arnafjord, kun 25 minutter unna Vik. Her produserer selskapet smolt.