KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Tohundre-seksti/260

Sabb

Nummer: 260
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Sabb
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1966
Storleik: 6 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Som ny var motoren i bruk i Høyanger, til fritidsbruk. Sidan vart den selt vidare med båten til Magne Mundal i Balestrand, som brukte den m.a. til skyssing Holmen - Tjugum i turistsesongen. Han selde den vidare til ein lærar ved Sygna. Båten var no dårleg og hadde vore to gonger nedsøkkt. Norvald Mundal tok båten oppatt og overhalte motoren. For arbeidet fekk han motoren.

Bruksområde: Frakt og skyssbåt på Sognefjorden.

Bla gjennom: