Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.
Harry Kroken, Hjellestad, kjøpte ei snekke frå Bergen i 1963 med denne motoren i. Båten vart brukt til fritid. I 1964 vart båten ombygd og motoren skifta ut med ein FM. Denne motoren vart då ståande på lager.