Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.
Georg Løkke kjøpte motoren saman med ein 20' båt i 1965. Denne brukte han til dorgefart. Då hadde den lett for å gå seg "sur", men vart frisk att etter litt rusing. I 1972 kjøpte han ny båt og sette då denne på lager. Den vart starta oppatt i 1982. Den vart selt til Otterskred i 1993.