KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Hundre-sytti-ni/179

Rap / Rapp

Nummer: 179
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Rap / Rapp
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1920
Storleik: 4
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Kven som fyrst eigde denne motoren er ukjent, men i 1953 vart den kjøpt av brødrane Birger, Konrad, Gerhard og Tormod Jakobsen som sette den i ein 27' livbåt (klinka og tverr bak). Denne vart mykje brukt til tur båt og fisketurar. Då ofte med robåtar på slep. Fisketurane gjekk oftast til Greipøy, Turøy og Torstadvikja utanfor Askøy. Brødrane Jakobsen var heimehøyrande i Tveitevåg. Nevøen deira, Tormod Jakobsen har informert.

Bruksområde: Fiske m.m.

Bla gjennom: