Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.
Andreas 0. Otterhjell hadde denne motoren med seg til Fresvik frå Stord der han arbeide. Saman med brørne B. og J. Otterhjell på nabogarden dreiv dei tresking, særleg under krigen. Etter at rasjoneringa var over og kordyrkinga tok slutt, vart motoren ståande, dels under tak.