KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Bla gjennom registreringskort

Publisert: 23. november 2019 09:27

Alle motorane, båtane og andre registrerte gjenstandar har eit eige registreringskort. Desse kan du bla gjennom her.


Bla gjennom:


Tretten/13

Wichmann

Nummer: 13
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 1145
Fabrikat: Wichmann
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1925
Storleik: 5
Oppbevaringsstad: Arnafjord
Historikk:

Jens Bøthun var med og prøvekjøyrde motoren i 1925.

Far til Lars Skau kjøpte motoren, og sette han i ein "seksering". Når båten skulle prøvekjøyrast på tur til Buene var Jens Bøthun med som maskinist. Båten tålte motoren dårleg, så ein måtte passa motoren og ein måtte ausa vatn. Dei prøvde så å forlenga båten, for å gjera han meir stabil, men dette vart endå verre. Båten heldt på å rista sund. Motoren vart så dregen på land, og sett i ei løa på Skau, der han vart ståande heilt til Kristian Otterskred kjøpte motoren.

Bruksområde: Seksering

Bla gjennom: