Brørne Einar og Olav Haugen, Fjærland, kjøpte denne motoren frå Florø der ein Grøtten brukte den på fiske. Kjøpt i 1967/68. Båten gjekk no inn i Ytre Fjærland Notlag som bestod av Einar og naboen Arvid Lidal. Notlaget var i aktivitet frå 1964 til 1970. Einar heldt no fram med landnot. Motoren vart ståande i båten til Otterskred kjøpte den rundt 1988.