Motoren vart kjøpt ny av Bendik Erikson Breilid rundt 1914, og brukt til ei transportabel sag på Fresvikåsen. Då Bendik flytte frå bygda midt på 20-talet selde han motoren til Jon Skau som dreiv med fruktkasseproduksjon. I 1931 vart motoren sendt til fabrikken i Oslo, Gulovsen Motorfabrikk for boring av sylinder og skifte av stempel. Konstruksjonen gjer at stempelet vert drege til sides av
veivakslingen, difor vart stempelet ovalt etter lang tids bruk. Heile reparasjonen koste 100,- kr, inkludert transport til/frå.