Brukt som drivmotor i eit Fyrtårn på Mørekysten. Aktuelle fyrtårn kan ha vore Alnes, Synes, Rundøy, osv.. Det store drivhjulet har spor i seg og syner at motoren har vore nytta til aggregat og ikkje i båt.
Sidan vart motoren kjøpt til eit sagbruk i Vetlefjorden, eigd av Hans Ulvestad. Han kjøpte motoren etter å ha sett den avertert i ei avis, og forhandla med ei svært venleg dame i "satt" alder som gav truverdige opplysningar.