Gunnar Skanke-Dal kjøpte denne motoren frå Yrkesskolen for fiskere i Sør-Trøndelag (Kyrkseterøra) i 1967, og monterte den i båten "Lykken" som han kjøpte av ein havforskar Sunnæss i Bergen. Ein moteringfeil gav stadig oljelekkasje frå koplingsboksen. På yrkesskulen var motoren brukt til å trena på oppstarting av motor, så den var aldri køyrt lenge. I 1988 selde Skanke-Dal båt og motor til T.Ø. Bårdsen som i likeheit med forrige eigar brukte den til fritid. I 1991 Vart båten sendt til Urnes båtbyggjeri der det vart montert ein 72 HK Perkins motor.