Ragnvald Setenes, Dingja, kjøpte motoren i 1941 og sette den i ein gamal 30' suabåt som før det hadde HEIN som drivkraft. I 1948 vart motoren sett over i ein 27' båt der den stod til Arne Eikefjord kjøpte båt og motor i 1970. Båten var no øydelagt av kolfyr, og motoren vart ståande til Otterskred kjøpte den i 1990.