Som ny vart motoren kjøpt av Oskar Nesset, Frønningen, og montert i ein 25' båt. Båten vart nytta som skyssbåt i dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd samt til dokter skyss og ellers når folk på Frønningen laut over fjorden.
I 1937 eller 38 var motoren inne på fabrikken til overhaling.
I 1944 vart motoren sett over i ein større båt (30'), og heldt fram med skyssing over fjorden. Denne båten vart bygd av Ortnevik Skipsbyggeri i 1944 med Kausland som arbeidsleiar. Ortnevik Skipbyggeri var i drift omlag 1939-49, med Hjalmar Hovland som eigar. Motoren vart skifta ut i 1952/54 med ein større 8 HK.