KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Femti-fire/54

Wichmann

Nummer: 54
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 4233
Fabrikat: Wichmann
Type: 2 ZD
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1950
Storleik: 25 - 35
Oppbevaringsstad: Arnafjord
Historikk:

Framfjord Talkmølle var etter krigen ei stor verksemd med eigen skyssbåt. Denne vart innkjøpt før krigen, då med ein med ein 6 -8 hk Wichmann frå 1908. I 1950 reiste Johs. Røyrvik til Rubbestadneset for å få sett denne motoren i båten. Båten var omdøypt frå "Terøy" til "Framfjord" men i daglegtale kalla "Børa Marta" i Framfjorden. Under dekk i den 30' store båten var det fleire lugarar.

Dette var ein av Wichmann sine fyrste dieselmotorer. Seinare var båten tilbake for teknisk kontroll.

Under krigen ville tyskarane beslagleggja båten,men det vart kvar gong sagt at det var tekniske vanskar med den, så den gjekk ikkje.

Båten vart brukt til skyssing i Sogn før alle vegane kom, og det vart mange turar heilt til Bergen for å bringe ingeniørar o.l. I 1971 Vart båten seld til Alf Lidal i Balstrand som sette den istand og selde den vidare i 1973 til Aarskog i Fjærland som skifta motoren i 1982 og selde båten vidare til Arna i 1987.

Bruksområde: Skyssing/fritidsbruk