Maskina vart demonstrertpå ei utstilling i 1931. Peder Strand, Dingja, kjøpte denne motoren brukt i 1950 for å ha den som reservemotor for ein tilsvarande som han då hadde i båten. Motoren var brukt noko på eit sagbruk tidlegare. Men det vart ikkje bruk for motoren i båt, den Som var i bruk ville ikkje gi seg. Det synte seg og at denne motoren ikkje passa på propell akslingen. I 1975 vart båten selt. Denne motoren stod då berre på lager til Otterskred kjøpte den i 1989.