KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Førti-to/42

Trygg

Nummer: 42
Objekt: Stasjonærmotor
Fabrikk nummer: 3302
Fabrikat: Trygg
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1941
Storleik: 6 - 8
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren vart kjøpt til Marifjøra under krigen, der gardbrukarar saman skipa Feet Treskeverk. Dette var eit lag med eigen rekneskap for drift av motoren. Etter krigen Vart det ikkje meir tresking. Motoren vart då brukt til å drive ei hakkemaskin for halm.

Bruksområde: Treskeverk