KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tretti-seks/36

Wichmann

Nummer: 36
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Wichmann
Type: 20-40
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1946
Storleik: 20
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Fiskebåten "Von" var bygd i 1904 som 38' Romsdalskuttar med to master. Den vart brukt til sildefiske,m.a. ved Haugesund. Båten var eigd av fleire fiskarar på Sandøy, ein av dei heitte Kvernøy. I 1940 vart båten selt til Gerhard Bø som reparerte baugen og sette inn ny motor. Han tok ut Hein—motoren og sette i ein 12 hk Rapp. Arbeidet var ferdig 27/9—42, på fødselsdagen til nevøen Reidar Bø som har fortalt dette. Rapp-motoren kom frå Hjartholm i Brekke.

I 1963 vart det skifta motor på ny. No vart denne motoren kjøpt frå ei fiskeskøyte i Hersvikbygda. I 1987 overtok Kjell—Leif Dingen båten for å setja den i stand, men det synte seg å vera for seint. Motoren vart selt til Arnafjord Motormuseum og båten vart vraka. Båten dreiv rekefiske frå 1942 til 1987. Aldri motortrøbbel.

Bruksområde: Rekefiske