KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tretti-tre/33

Volda

Nummer: 33
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 361
Fabrikat: Volda
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1940
Storleik: 22
Oppbevaringsstad: Arnafjord
Historikk:

Einar Saltskår,Buskøy selde i 1952 gavlbåten "Sjøgut" til Chester Saltskår, Bulandet, med ein Wichmann 12 hk motor. I 1960 tok han ut motoren og selde den til Magnus-Valvik. Denne motoren kjøpte han frå ein fiskar på Mørekysten som hadde brukt den i 20 år. Chester betalte no 5.000 kr for motoren, utan montering. No brukte han båten til innsamling av silderisp for levering til Haugesund og Kragerø. I 1970 Vart båten selt til Edvardt Hatlevik i Dalsfjorden som same året selde båten vidare til Olav L Hatlevoll på Urnes i Luster. Hatlevoll tok ut denne motoren og sette i ein ny 72 hk Perkins. Båten går no i turistfart på Lustrafjorden,

Motoren vart stående på Urnes til Otterskred kjøpte den i 1991.

Då motoren var i dagleg bruk hende det at kjølevatnet braut hol inn i sylinderen. Dette vart ordna i næraste hamn, med sement!

Bruksområde: Fiskebåt