KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-femti-ni/259

Albin

Nummer: 259
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Albin
Type: O 20
Nasjonalitet: Sverige
Produksjonsår: 1969
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Motoren har stått i ein Saga 20 som truleg har vore brukt til hobbyfiske på Møre. Ein lensmannsbetjent frå Voss kjøpte den og brukte den til fritid i Vik. I 1980 selde han den til Vidar Bø frå Vik. Han arbeida i Aurland då og brukte den til skyss Aurland – Vik. På ein av turane til Vik vart det slutt på bensinen utanfor Vangsnes og vinden dreiv båten rett i laksenota til Erik Lidal. Motoren gjekk stilt og fint, men det var ofte problem med eksos-ventilen som hengde seg fast. Seinare skifta Vidar til ein Marna bensinmotor. Denne motoren vart gitt til Olav Kvåle som gav den til motor-museet.

Bruksområde: Fritid