Tor Takle som var sportsforhandlar i Bergen kjøpte ei 18' snekke bygd som oselvar, før krigen, av ein størjefiskar (harpun). Bjørn Takle, nevø av Tor, arva båten med denne motoren i 1948. Han brukte båten til småfiske og turar på fjorden. Motoren kan i varm tilstand køyrast på parafin, då måtte motoren gå på høgt turtal, noko som var vanskeleg ved dorgefiske. Bjørn hadde svært mykje glede av denne motoren. I 1954 skifta han over til ein 6 hk FM. Denne motoren vart då ståande på verkstaden, i ein krok.