Båten heiter Karoline, og er ein heimafiskebåt for not. Vinsjen på tofta har gitt namn til båttypen, og er det første slaget av kraftblokk. Om bord har vi sjøkikkert, skjeppemål og kasser til sild og makrell.
Strikkavotter, heimestrikka underskjorter og underbukseé er hengt til utstilling. Skoa har trebotnar som var gode og varme så lenge dei var tørre, men det motsette når dei er våte.