KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-førti-ein/241

Wichmann

Nummer: 241
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: Wichmann
Type: Sabb, Union og Wichmann
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1925
Storleik: Usikker
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Olav Haugen, Vetlefjorden, var oppvaksen på ein husmannsplass under Rauboti i fjærland, men flytta til Vetlefjorden. I 1930 kjøpte han denne motoren av ein mekanikar på Håkonshella. I 1934 selde han den Vidare til Ola Rauboti som brukte den i ein 22' kravillbygd skipsjolle. Vegen kom til Rauboti i 1989, so dette var einaste framkomstmiddel. Ein farande fant kunne fortelja at motoren var samansett av ulike motorar, med Sabb sylinder, Union lydpotte og Wichmann veivaksel og svinghjul. Under krigen var det vanskeleg tilgang på olje og motoren var då ikkje i bruk. Etter krigen var motoren til overhaling på Sabb -fabrikken og vart sidan brukt i 12 år. Då vart ein Sabb 5 - 9 hk sett i båten. Denne motoren vart då ståande. Det var eit stadig problem med koksing i spissen.

Bruksområde: Bruksbåt