Båten er bygd av Ellend Geithus, ein husmann på Geithus. Båten har segl, 3 par årar og elles alt utstyret som skal til.
Ein slik båt vart bruka til last for; ved, høy, kyr, og av og til som kyrkjebåt eller lånt ut når det var trong for ein større båt. Elles stod båten ofte på land når han ikkje var i bruk.
Båten er innsett med tjøra som var det ein nytta den gongen. Av saumen kan vi sjå at båten er eldre enn frå 1900. For i tida før det var saumen av den heimelaga typen.