KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-tretti-fire/234

Oselvar

Nummer: 234
Objekt: Båt
Fabrikat: Oselvar
Type: Båt
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1946
Storleik: 16 fot
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Denne Oselvaren er konstruert for motor og er bygd på Askvik i 1946 for Rinde, i Feios.

Denne oselvaren har fire bord, mens det normalt er 3 bord i desse båtane. Det er også ei stållist rundt heile båten, langs esingen, for å gjere den sterkare, slik at den tolde belastninga av motoren. Båten er både større og tyngre enn desse båtane plar vere når dei vart bygd som robåt.

Det har stått ein 3 HK Sleipner ombord. Den motoren står også plassert her på Kristianhus.

Båten var eigd og nytta av ein laksefiskar i Feios. Båt og motor var då mest brukt til til laksefiske med kilenøter.

Bruksområde: Fiske