KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-tjuve-sju/227

Bolstadbåten

Nummer: 227
Objekt: Båt
Fabrikat: Bolstadbåten
Type: Snekke
Nasjonalitet: Noreg
Storleik: 20 fot
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Båten er bygd av båtbyggar Lars Bolstad, frå Balestrand. I ungdommen reiste Bolstad til Strandebarm og gjekk i lære som båtbyggjar. Der lærte han å bygge tradisjonelle robåtar type færing, seksæring osv.

Når han kom tilbake til Sogn etter gjennomført opplæring busette han seg saman med familie på eit småbruk i Hyllestad. Der hadde han ein liten verkstad, men ofte reiste han rundt til dei som skulle ha båt bygd og laga båten på staden. Dette var mest praktisk med tanke på material tilgang og ein ganske vanleg framgangsmåte for båtbyggjarar før i tida.

Totalt bygde Bolstad omlag 350 båtar, i hovudsak færingar, men også nokre større for motor. Dette er ein av dei større båtane han lagde. Båten var først i eige i Balestrand, men vart etter kvart kjøpt av ein person i Vik. Før den til slutt vart kjøpt av Kristian Otterskred og plassert på Kristianhus.

Båten har vore ein del av utstillinga inne på Kristianhus sidan opninga i 1997, men i samband med ombygging vart den teke ut. Den er blitt olja og måla av elevar frå Flatbygdi Skule, våren 2022. Vidare plan for båten er å skifte motor og sjøsette den på ny.

I dag står det plassert ein FM i båten.

Bruksområde: Fiske og fritid