KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-tjuve-fire/224

Ukjent

Nummer: 224
Objekt: Motorvinsj
Fabrikat: Ukjent
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1930
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Lastebåten "Varden II" (60 t) var bygd i Ølve i Hardanger i 1930 og gjekk i arbeids rute mellom Odda og Eitreim i Hardanger. I 1932 kjøpte Konrad Mjeleli frå Lavik båten for å bruka den til fraktefart på Sogn - Nord Hordaland. Under krigen Vart båten beslaglagt av tyskarane,men Konrad saboterte motoren og fekk M. Haldorsen (produsent av Wichmann og ivrig motstandsmann) til å skriva brev om at reservedeler var uråd å skaffa. Slik vart båten liggande i ro under store deler av krigen. Nokre år seinare vart denne vinsjen skifta ut med ein ny motorvinsj. Det var enno nokre år for tidleg til at dei hydrauliske vinsjane var vanlege. Båten vart i 1952 seld til Dalsfjorden der den gjekk i ferjerute Bygstad – Dale.

Bruksområde: Lastebåt