Motoren er produsert ved Sindre Slipp & Mek verk i Florø i 1937. Den er samansett av mange ulike motortypar, i regi av Gustav Skålevik ved verkstaden. No er verkstaden flytta til kystmuseet i Florø. Denne motoren saman med nr35 er truleg dei einaste attverande i landet. Brødrene Nøttingnes brukte denne motoren i ein av båtane som skyssa i Kalvåg frå 1937 til omlag 1950. Den vart då selt til Rasmus Hauge, Bremanger, som hadde den i ein av sjarkane sine. Denne båten gjekk ned ved kai i omlag 1950, sidan då vart motoren truleg ståande på sjøbua. Brødrene Nøttingnes var lite nøgde med denne motoren som tydeleg hadde konstruksjonsfeil. (Monvald Lågeide er svigerson til Rasmus Hauge)