KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-femten/215

Sabb

Nummer: 215
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 166
Fabrikat: Sabb
Type: C
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1957
Storleik: 5 - 9 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Anders Brennsdal kjøpte denne motoren ny i 1957, og brukte den svært lite. Han selde den i 1963 til Arnfinn Svangtun i Høyanger som var ein ivrig fisker. Særleg var han kjend for kveitefangstane sine. Båten til Arnfinn var bygd av Olav Bolstad i Lånefjorden. I 1976 skifta han til dieselmotor. Det var Per Limmesand, Kvamsøy som gjerde arbeidet, og han fekk denne motoren som takk for hjelpi. Motoren vart stående til Per Loen, Kroken, kjøpte den i 1978. Loen brukte båten til og frå Kroken til han selde den til Odd Lunde i 1991. Han tok ut motoren og båten hamna i barnehagen på Hafslo. Motoren vart sidan selt til Otterskred.