KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Tohundre-ein/201

F.M.

Nummer: 201
Objekt: Båtmotor
Fabrikat: F.M.
Type: C - 2
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1953
Storleik: 4 - 5 HK
Oppbevaringsstad: Kristianhus
Historikk:

Harald Heggenes m.fl. kjøpte-motoren brukt frå Høyanger omlag 1965. Dei sette den i ein båt frå Jølster og brukte denne til småfiske. Kjølekappa på motoren vart sliten og dei gav båt og motor til Oddgeir Indrebø som laut skifta Sylinder i 1983. I 1987 gjekk båten til botnar etter eit kraftig snøfall. Den vart heva same dag og motoren overhalt. Båten var i dårleg stand og enda på jonsokbålet nokre år seinare. No kom Johan Sandvik til god hjelp då han tok motoren ut av båten og sende den til Otterskred i 1995.

Bruksområde: Lystbåt