Denne motoren vart kjøpt i Skottland i 1939 av ein fiskar frå Askøy. Han tilpassa Sabb propell og brukte den i ein fiskebåt. Georg Mundal kjøpte motoren i 1963 og brukte den i ein 19' Tresfjordbåt. Dette er ein bensinmotor og den vart dyr i bruk ettersom bensinprisene steig i høve til dieselprisen. I 1971 vart motoren skifta ut med ein 8 hk Yanmar. Otterskred kjøpte motoren i 1985. Petter -motorane var mykje brukt i britiske og skotske fiskebåtar samt som hjelpemotorar i store fartøy. Her i landet var dei lite brukt.