Sigurd Skophamar kjøpte denne motoren i 1940 til ein open 14 ' båt som vart brukt til skyssing på fjorden. Blant anna frakta dei tømmer frå allmenningen på Ombandsnes til Luster, ein tur på nær 2 døgn. I 1942 selde han båt og motor til Hans Bakken på Urnes som bruka den til skyssing Urnes - Solvorn. Bakken var på denne tida trulova med si komande kone, så det vart mange turar Urnes- Kroken. I 1946 bygde Bakken og Skophamar ein 22 ' "Skophamarbåt" som motoren kom over i. Denne motoren er tillaga for å ta inn vatn på toppen når den er varm, noko Bakken sjeldan gjorde, fordi det sleit på stempel og sylindar. Difor er stylindaren bora oppatt 2 gonger. I 1955 vart motoren skifta ut med ein Sleipner, og Skjolden fekk denne motoren. Sidan var den seld til motorsamlinga.