Leidulf Wangelsten, Kinsedal, bygde i 1956-58 ein 26 ' båt saman med Olav Kvalen. Denne motoren vart kjøpt i 1957 og sett i båten året etter. Båten vart brukt til frakting av folk og varer til og frå Kinsedal. Turar til Lærdal, Årdal og Solvorn var vanleg.
1960 selde han båten til Torbjørn Skjolden, då Urnes, som brukte han til fritid. Medan båten låg i båthavna vart det råka av steinsprang som slo sprekk i motoren og søkte båten. Motoren vart då til reparert på fabrikken. Skjolden selde båten vidare i 1964 til Helleren, Årdalstangen. Han brukte båten til fritid og hadde den liggjande i småbåthamna . Då flodbylgja etter raset i fjorden råda hamna i 1983 vart båten øydelagt og søkt. Mortoren vart heva og sidan demontert før den vart seld til Kristian Otterskred si samling.