KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING

Hundre-tjuve-fem/125

Marna

Nummer: 125
Objekt: Båtmotor
Fabrikk nummer: 11100
Fabrikat: Marna
Type: K
Nasjonalitet: Noreg
Produksjonsår: 1956
Storleik: 6 - 9 HK
Oppbevaringsstad: Arnafjord
Historikk:

Rasmus Gåsvær , m/fl kjøpte motoren ny i 1956 saman med ny båt som skulle brukast på
sildefiske (loddebåt) I 1964 selde han båt og motor til Johannes Espeland som var fiskar i
26 år. Før Johannes vart fiskar reiste han rundt i Sogn med bygdekino i fleire år og synte
filmar som Gest Baardsen og "Sannheten om Hakekorset".

Denne motoren synte seg å vere svært sikker i bruk, men dyr i drift då det er ein
bensinmotor. Fiskarane fekk utdelt merkje som gav dei rett til avgiftsfribensin. Dette vart
slutt i 1980, og då skifta Johannes motoren med dieselmotor. I 1985 selde han motoren til
Kristian Otterskred.