Kristensen på Sparsjøvollan, Tynset kjøpte denne motoren ny til revefarmen sin for å driva ei stor kjøttkvern. Like etter krigen selde han motoren til Melkior Frengstad som brukte den på ei kappsag på stølen. På slutten av 1950 vart det slutt på stølinga, og motoren vart lagra fram til Kristian Otterskred kjøpte den. Motoren går på lavoktan bensin for å gå heilt fint. Den har vore på fabrikken til overhaling og vart då kraftigare.