Motoren har stått i same båt frå den var ny i 1953 og fram til den vart bytta ut med ein ny Marna motor i 1977. Dei forskjellige eigarane har brukt båten med motor til lakse og småfiske i heile den aktuelle perioden.
Første eigar var Einar Saltskår. Motoren stod i ein Askvik loddebåt, 18 fot. Båten var lettbåt etter fiske på sild og brisling. Båten har skifta eigar fleire gonger, brukt til m.a. laksefiske
Andre eigarar: Bjarne Steinsund, Sigmund Tveranger.